«På bakgrunn av overskrifta "rådmannen reagerer, refsar ja-politikarar" finn eg grunn til å presisere at rådmannen aldri verken kan eller skal refse politikarar. Å refse (irettesetje) er eit sterkt ord/handling, som sjølvsagt gjer ein artikkel meir interessant. Eg kan likevel ikkje sjå at det er samsvar mellom overskrift og innhald i artikkelen. Lyd og film frå møtet til samfunnsutvalet ligg elles ope på Ørsta kommune si heimeside, der kan ein sjå og høyre kva assisterande rådmann faktisk sa. At mørenytt tolkar sakleg argumentasjon som refs må nesten redaktør gi ei forklaring på».
Rådmannen understrekar at ho ikkje har innvendingar mot artikkelen, men at det er overskrifta på framsida det vert reagert på. Artikkelen i seg sjølv er beskrivande og god.
Ønskjer du å sjå filmen frå samfunnsutvalet, kan du sjå den under: