Felles for bedriftene er at dei driv avl- og oppdrettsnæringar innan laksefiske i Ørsta kommune. Vartdalgruppa og Marine Harvest spesialiserar på produksjon av matfisk, medan Profunda spesialiserar seg på rognproduksjon. Dette er næringar som opplev stor vekst, og det vert satsa stort langs Vartdalsfjorden og Hjørundfjorden. Her kjem eit kort samandrag av dei tre besøka:
Vartdalgruppa fiskeoppdrett
Ottar Vartdal eig og driv Vartdalgruppa fiskeoppdrett, og vil i løpet av neste år feire ei fartstid på 40 år innan fiskeoppdrett. Selskapet spesialiserar seg på matfisk og er særleg stolte av høgkvalitetsfisken Label Rouche-laksen som vert produsert på anlegget. Politikarane fekk besøke smolthallen, som vart utbygd for 3 år sidan. Dette har vore ei viktig investering for bedrifta som i dag har vel 48 tilsette, og som ser føre seg å auke investeringane i åra som kjem. Hallen gir betre produksjon året rundt.
AquaGen Profunda
Profunda vart i 2017 kjøpt opp av AquaGen, og skal vere eit globalt leiande selskap for avl av laksefisk, seier driftsleiar Frode Sætre. Selskapet satsar stort og er inne i ei utbyggingsperiode av anlegget i Barstadvika, som har heile produksjonen sin på land. I september skal nybygget for alvor bli teke i bruk, då kjem det fisk i kara. Bygget består av 5 kar på 12 meter, teknisk rom og areal for fiskelogistikk og personale. Selskapet ser føre seg ei vidare satsing og utbygging av arealet i Barstadvika, som også kan bli ein kompetansearbeidsplass for forskning.
Marine Harvest
Siste besøket for dagen var på Saltre med oppdrettsanlegget til Marine Harvest. Her fekk politikarane besøke ein liten del av Norges største oppdrettsselskap. Områdeleiar Vidar Vartdal fortalde politikarane om det topp moderne anlegget. Dei har ikkje berre ei fantastisk plassering og utsikt, den har også god praktisk nytte. Anlegget ligg litt skjerma til frå andre anlegg, smitte og det har vore god bæreevne over fleire generasjonar i Hjørundfjorden. Smolten til anlegget vert henta frå Ytre Standal og Steinsvika, og her vert det produsert 7-7,5 tusen tonn fisk i ein 2-års periode.
Vi takkar alle 3 bedriftene for at vi fekk lov å kome på besøk, og sjå kva de driv med til dagleg! Det var både kjekt og inspirerande.