«Det beste forprosjektet vi har vore vitne til»
- Knut Løvdal Stauri, HS Bygg.
Dagleg leiar Knut Løvdal Stauri i HS Bygg skrytte av Ørsta kommune og Ørstahallen under synfaringa måndag.10. desember. Ikkje berre var dette det beste forprosjektet han hadde vore vitne til, men han var i tillegg svært fornøgd med endringane og forbetringane som har blitt gjort i løpet av hausten. For dette er ikkje berre eit bygg, men eit heilt anlegg. Etter forbetringane vil Ørstahallen vere betre tilpassa områda rundt seg med stadionanlegg, skule og området elles.
Opningsfest 26. – 27 januar 2019
Ordførar og hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre byr opp til ei fantastisk opningshelg 26. – 27. januar.
«Det vi kan røpe er at sjølvaste verdsmeister Karsten Warholm vil opne Ørstahallen på den offisielle opninga søndag 27. januar», sa ein tydeleg entusiastisk ordførar Stein Aam.
Driftsleiar for Ørstahallen, Rebecca Riise Bjerknes lovar eit fullspekka og spennande program under opningshelga, sjølv om ho ikkje enno kan røpe så mykje om innhaldet enno:
«Det vert arbeida målretta med eit program som skal vise til alt det som Ørstahallen skal romme. Det er ein fleirbrukshall, og dette skal vi sjå igjen på aktivitetane og kulturinnslaga denne helga».
Vi i Ørsta kommune gler oss stort til at nye Ørstahallen skal stå ferdig i midten av januar, og klar til bruk! Endeleg skal vi sjå kampar bli spelte, høyre jubel og vere vitne til meistiring i den flotte, nye og etterlengta fleirbrukshallen vår. Vi sjåast til opningsfest i januar!
(trykk på bileta for å gjere dei større)