Oppmoding: Registrer private bommar

Bildet er tatt på Vikeøyrane reinseanlegg som allereie er registrert i systemet

Ørsta brann og redning ønskjer å setje fokus på alle bommane/portane rundt borrettslag, hyttefelt, kaianlegg og eigedomar generelt i heile Ørsta kommune.


Kan få alvorlige konsekvensar

Når det står om sekund ved brann, ulukker eller sjukdom, kan ein låst bom vere eit forsinkande og frustrerande hinder, også for utrykkingskøyrety.

I takt med folks ønskje om å skjerme bu-områder, og sikre verdiar, aukar talet på private bommar her i Møre og Romsdal.

Registreringsskjema


For å hindre ei rad med ulike system å forholde seg til, ber vi om at alle vel, sameiger, burettslag, industri og alle andre som er i besittelse av ein telefonstyrt bom om å kontakte 110-sentralen via skjemaet ovanfor. Slik at vi enkelt kan få bommen registrert inn i deira digitale system. Då vil 110 og brannbilar ved eit tastetrykk enkelt kunne opne bom som stenger vegen for utrykningskjøyrety ved tilkomst.

Har dykk andre typar bommar med nøkkel, ønskjer vi at dykk tek kontakt med kommunen for å finne løysing. Kommunen jobbar med løysing for dette då vi ikkje kan ha med nøklar til alle bommar i distriktet.


Kvifor gjer vi dette?

Målet er at alle telefonstyrte bommar i distriktet blir registrert i 110-sentralen sitt system og gjer jobben vår og andre nødetatar lettare.

Kontakt

Thomas Winther Leira brannsjef
90749112
@ Thomas Winther Leira

Følg oss