Opningsmarkering for den nye bussterminalen onsdag 7. november kl 11.00

Statens vegvesen inviterer til opningsmarkering for den nye bussterminalen i Ørsta onsdag 7. november klokka 11. Ørsta-ordførar Stein Aam vil stå for den offisielle opninga.

Bygginga av ny bussterminal i Ørsta starta i mars i år. 
•    Den gamle bussterminalen er rive og uteområdet er bygd opp på nytt. 
•    Ørsta kommune har investert i venterom med toalett som er tilrettelagt for alle brukarar. Bussterminalen har fått nye grøntområde, benkar, leskur og sykkelparkering under tak.
•    Det er montert nye gatelys på bussterminalen og eit stykke langs E39.
•    Nye løysingar for dei som går og syklar gjer det tryggare å kome seg til og frå bussen.
•    Køyremønsteret er endra slik at trafikkbiletet skal bli meir oversiktlig for alle som brukar terminalen. 
•    Parkeringsplassar legg til rette for at folk kan parkere bilen og ta bussen vidare.

Kyss og køyr
- Vi har også lagt til rette for passasjerar kan bli køyrt trygt til og frå bussterminalen gjennom å bygge ei såkalla «kyss og køyr»-lomme for publikum. Det er ei korttidsparkering ved bussterminalen for å ta avskjed eller ynskje velkomen folk som kjem med bussen, fortel prosjektleiar Mats-André Lied i Statens vegvesen.

Program for opninga:
1100-1105:   Velkommen v/ seksjonsleder Gitte Beiermann, Statens vegvesen
1105-1110:   Gjennomføringa v/ dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund, som er entreprenør for prosjektet  
1110-1115:   Kollektiv, v/Svein Ivar Aarskog, Møre og Romsdal fylkeskommune 
1115-1125:   Offisiell opning v/ordførar Stein Aam i Ørsta kommune
1125:              Enkel servering.

Media er velkomne til opninga. Om de har spørsmål om prosjektet, kan de kontakte prosjektleiar Mats-André Lied i Statens vegvesen på telefon 99324020
 

Følg oss