Kor mykje er det eigentleg greitt å drikke når ein er på ferie med barna?
Eitt av ti barn seier at det skulle ønskje foreldra drakk mindre i ferien. 7 prosent seier at dei syntest det blei «ekkelt» fordi dei vaksne drakk. Det viser ei undersøking som IPSOS gjennomførte for alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.
– På ferie er barna gjerne i nye og ukjende omgivnader, og dei blir meir avhengige av foreldra sine. Då er det ekstra viktig at du tenkjer over korleis alkoholforbruket ditt påverkar dei rundt deg, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i AV-OG-TIL.
Saman for barna
Ørsta kommune er ei AV-OG-TIL-kommune og samarbeider tett med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL om alkoholførebygging lokalt. Vi er opptekne av at alle barna i kommunen vår skal få ein god og trygg sommarferie. Derfor støttar vi sommarkampanjen «Kor mange glas toler barnet ditt?» til AV-OG-TIL.
– Også i kommunen vår er det barn som gruer seg til ferien fordi dei er redde for at mamma eller pappa skal drikke for mykje. Derfor er det viktig for oss å gjere det vi kan for at både barn og vaksne skal få ein trygg og fin ferie, seier AV-OG-TIL-koordinator Ingvild Endal i Ørsta kommune.
Kampanjen «Kor mange glas toler barnet ditt?» oppfordrar vaksne til å tenkje gjennom korleis dei bruker alkohol når dei er saman med barn og unge. Barn trivst best med vaksne som oppfører seg som normalt, og som vaksen kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå triveleg til ubehageleg for barna.
Vil du lese meir?
Les meir på AV-OG-TIL sine nettsider.
Publisert 25.07.2018 10:38