Inspirerande opplæringssamling om rettar og mulegheiter

- Hjelpe- og støtteordningar for barn, ungdom og deira familiar. 


Onsdag 21. november var det opplæringsdag for foreldre og føresette til barn og unge med behov for hjelpe og støtteordningar. Dette var 2. gongen samlinga vart heldt på Søre Sunnmøre, og det var ei inspirerande samling med mykje gode tilbakemeldingar. 


Godt opplegg med god variasjon

Initiativtakar for å halde dette opplæringskurset har vore Helse Møre og Romsdal. Saman med Ørsta kommune, Volda kommune og brukarorganisasjonane har dei saman klart å skape eit godt opplegg med god variasjon mellom informasjonsbolkar og kafèdialog. Særleg samtalane rundt småborda vart opplevd som verdfulle for både foreldre og representantar frå hjelpeapparatet. 

Behovet for informasjon og mulegheit for å møte andre er stort. For hjelpeapparatet er det nyttig å samarbeide om slike samlingar som gir læring til alle involverte. Med på samlinga var både brukarrepresentantar, Klinikk for kvinner, barn og ungdom, Lærings- og mestringssenteret, tildelingskontora for helse og omsorg i Ørsta og Volda, PPT, NAV infosenter og Fylkesmannen i Møre og Romsdal om verjemål. 

På vegne av Ørsta kommune takkar vi samarbeidspartnerar og alle involverte for ein kjekk og lærerik opplæringsdag. 

Følg oss