Innovasjonsprosjekt Hjørundfjord

Møte Hjørundfjord.jpg

Korleis få til eit samla utviklingsprosjekt i Hjørundfjorden? Over 30 personar møtte for å høyre fagpersonar frå fylket og destinasjonsselskapet vårt snakke om status/resultat så langt og mulegheiter framover. 

Potensialet for Hjørundfjorden som aktivitets- og opplevingsområde er stort. "Kan vi få til eit innovasjonsprosjekt der både etablerte og nye aktørar er inne saman med forskingsmiljø" utfordra seksjonsleiar teknisk Rolf-Magnus Sundgot.

Hjørundfjord - reiseliv.jpg

Fleire understreka at ein ikkje bør søke størst muleg volum raskast muleg, men at alle aktørar samarbeider og at ein i fellesskap kan tilrettelegge og bygge ut tilbod og aktivitetar som alle kan dra nytte av. Båt og ferje av avgjerande for både fastbuande og næringane, og ein eigen del av møtet fokuserte på båt-og ferjetilbodet der representantar frå samferdselavdelinga i fylket deltok.

Hjørundfjord - ferjeforvaltning.jpg

Kommunen og næringskontoret vil legge fram forslag om ei form for overordna ramme for ulike delprosjekt, og saman med næringsaktørar arbeide for finansiering og gjennomføring.  

Følg oss