Innkjøp på agendaen

Ørsta kommune jobbar aktivt for å bli betre, også på innkjøpssida. Tysdag 5. februar vart det både halde kurs i innkjøpsregelverket og formannskapet fekk presentert Rapport Innkjøpsanalyse frå Odin Prosjekt AS.


Formannskapet med gjennomgang av Rapport Innkjøpsanalyse

Under formannskapsmøtet vart Rapport Innkjøpsanalyse gjennomgått, av Odin Prosjekt AS. Rapporten er bestilt på kommunen sitt eige initiativ for å få etablert ein heilhetleg, objektiv og strukturert framstilling av kommunen sine innkjøp av varer og tenester. Framstillinga skal gi grunnlag for å planlegge og iverksetje forbetringstiltak. Dette blir gjort for å sikre at lover og reglar på innkjøpsområdet vert fylgde, men også for å spare kostnadar eller sikre gode innkjøp som bidreg til forbetring og utvikling av kommunen sine tenester.

Les rapporten i si heilheit her


Kurs i innkjøpsregelverket

Det vart også halde kurs 5. februar, for leiarar og andre tilsette som driv med innkjøp i kommunen. Arild Johansen frå Odin Prosjekt AS gav eit godt innblikk i innkjøpsprosessen, der målet var at dei tilsette skulle få betre kjennskap til moglegheiter og restriksjonar ved innkjøp i det offentlege. 

Agendaen for kurset:
- bakgrunn og regelverk
- planlegging av innkjøpet
- kunngjering og anskaffingsdokument
- lokale kjøp
- tilbod, forhandlingar og evaluering
- kontrakts- og leverandørstyring


Frå St.meld nr 36 (2008-2009) "Det gode innkjøp" kap. 5, s. 30:
"Innkjøp er ein av dei sentrale verksemdprosessane i alle offentlege verksemder. Leiinga i kvar enkelt verksemd er ansvarleg for at innkjøp av varer og tenester støttar opp under måla som er sette for verksemda, og at dei vert utførte i samsvar med gjeldande lovar og reglar. Dette ansvaret kan ein leiar ikkje delegere. 

Leiarar har ansvar for å setje innkjøpsarbeidet i ein strategisk samanheng og sortere mellom ulike typar innkjøp. Det må utarbeidast mål og strategiar for innkjøpsarbeidet." 

Les heile stortingsmeldinga her
 

Følg oss