Gratulerer med velfortent fagbrev!

Ørsta kommune har fire barne- og ungdomslærlingar som avsluttar læretida til sommaren. No har alle fire gjennomført fagprøven med glans!

Vi er stolte av at lærlingane våre får slike gode tilbakemeldingar. Det vitnar om godt arbeid, både frå lærlingane si side, og frå lærestadane. Barne- og ungdomslærlingane i Ørsta får allsidig opplæring i barnehagar, SFO, barnetrinnet og på Kaihuset. Fagarbeidarane har ein kompetanse som vi treng i framtida. Frå hausten vert desse å sjå som fagarbeidarar i barnehage eller skule – eller i vidare utdanning.

Ørsta kommune vil takke for godt arbeid og ynskje lukke til vidare!

Andrea Hovden og Hanne-Emilie Klepp. Gabriel Hammersdal og Lovise Cubian Reite.       

Følg oss