Grunna arbeid med kommunal vassleidning er Erlevegen mot Vikemarka skule stengd for køyretøy ved krysset Erlevegen/Heggjadalen.
Midlertidig omkøyringsveg for bebuarane i Erlevegen vert via gang/sykkelvegen ved Vikemarka skule, og vidare ned til Svalevegen.
Gang og sykkelveg på anvist strekning er opna for biltrafikk.
Publisert 27.05.2019 13:09