Elevar frå kulturskulen hadde flotte musikalske innslag og det var fleire flotte talar under markeringa. Både varaordførar, rådmann og konstituert personalleiar var med på feiringa.
"Ørsta kommune har gleda av å få gjere litt ekstra stas på trufaste medarbeidarar som i løpet av 2018 går over i ein ny fase av livet. Ei fase som for nokon er etterlengta og vert kjærkome teke i mot, medan det for andre kan føre til utfordringar ein kanskje ikkje var heilt budde på. Men akkurat no skal vi få lov til å ta vare på denne stunda, og saman gjere ho til eit godt minne som de kan ta med dykk inn i pensjonistkvardagen", sa konstituert personalleiar under markeringa.
Dei tilsette i kommunen får ein krystallvase som kommunal avskilsgåve når dei går av med pensjon. I tillegg fekk til saman 11 av årets pensjonistar også med seg KS sitt heidersmerke og diplom. Dette vert tildelt tilsette som har meir enn 25 år i kommunal/fylkeskommunal teneste.
Vi takkar med dette for følget og ønskjer våre nye pensjonistar til lykke med pensjonistilværet.
Vi takkar:
(Dei som er utheva fekk også KS sitt heidersmerke og diplom).
Olaug Rotevatn
Liv Kristin Moe
Knut Åmås
Sigrunn Masdal Volle
Norunn Huse
Gunn Boska Sekkesæther
Jon Ståle Lystad
Harald Johnsen
Sollaug Vatne Sætre
Sølvi Andås
Anne Grete Barstad
Brit Humberset Hagen
Rigmor Øye
Oddveig Vartdal Lid
Ingun Hindenes
Annlaug Roth
Evy Seterbakken
Bente Sporsheim
Eli Rigmor Vatne
Liv May Strand
Britt R Eikrem
Erling Sørheim
Wenche Humberset
Aksel Kåre Engeset
Eli Gjøsund Hennøen
Inger Johannne Åkre
Britt Hilde Rekkedal
Arne Gotteberg