Nytt treningstilbod for gravide i Ørsta

Silje Skeide, som skal leie gruppa, er som fysioterapeut kursa innan kvinnehelse og fysioterapi i svangerskap og barseltid. Ho er i tillegg utdanna helse- og treningsfysiolog ved Norges idrettshøgskule. Ørsta kommune

Frå 6. mars startar fysioterapitenesta i kommunen opp eit nytt gruppetilbod for gravide. Gruppa vil ha fokus på trygg og tilpassa trening for gravide. 

Treninga vil vere torsdagar kl 13:30 på Velferdshuset og er open for alle gravide – uavhengig av treningserfaring eller svangerskapslengd. Påmelding direkte til fysioterapeut.

Styrke, mobilitet og avspenning særleg retta mot dei delane av kroppen som er ekstra utsett for påkjenning under svangerskapet, som rygg, bekken og bekkenbotn. Ein vil mellom anna nytte treningsball som kan gi god støtte, redusere belastning på kroppen og legge til rette for både styrketrening og avspenning.

Trening i svangerskap 

Regelmessig trening under svangerskapet har fleire fysiske og psykiske fordelar, mellom anna:

  • Betre uthald og styrke som kan gjere svangerskap og fødsel lettare
  • Redusert risiko for svangerskapsrelaterte plager til dømes rygg- og bekkensmerter
  • Auka velvære, stressreduksjon og betre søvn
  • Sosialt fellesskap med andre gravide

Praktisk informasjon

Oppstart: 6 mars
Tidspunkt: Torsdagar kl 13:30
Stad: Helsestasjonen, Ørsta Velferdshus

Pris: Eigenandel kr 109,- pr økt, jf. Gjeldande takstar for fysioterapibehandling i gruppe (inngår i eigenandelstak for frikort).
Individuell tilpassing: Tilbod om individuell undersøking hjå fysioterapeuten før oppstart. Vanleg takst for fysioterapibehandling gjeld.

Målet med denne undersøkinga vil vere:

  • Kartlegge funksjon og evt. problematikk/smerte
  • Gjennomgang av øvingar og evt. Tilpassingar
  • Rettleiing i rett trening av bekkenbotnen
  • Påmelding og kontakt

    For påmelding eller spørsmål ta kontakt med fysioterapeut Silje Skeide på tlf/SMS: 917 17 682
    Maks 10 deltakarar pr gruppe. Avmelding må skje seinast dagen i forvegen.

Kontakt

Silje Krumsvik Skeide spesialfysioterapeut
91717682
@ Silje Krumsvik Skeide

Følg oss