Saka vart presentert i formannskapet 9. juni, og skal handsamast i kommunestyret 18. juni.
Avtalen gjeld om lag 48 dekar sør for vegen på Melsgjerdet. I tillegg er det aktuelt med ein opsjon på areal til administrasjonsbygg og parkering på nordsida. Før eit eventuelt kjøp kan gjennomførast, må kommunestyret godkjenne avtalen.
Prosjektet kan gi store ringverknader for Ørsta, utover sjølve salet av tomta. Etableringa kan gi nye arbeidsplassar, auke aktiviteten i næringslivet og bidra til skatteinntekter. I tillegg kan samarbeidet med Tussa og bruk av overskotsvarme gi meirverdi for lokalsamfunnet, og styrke utvikling innan både næring og utdanning.
Eit nytt steg i utviklinga av Melsgjerdet
Ørsta kommune har hatt som mål å ha attraktive næringsareal tilgjengelege når det kjem konkrete førespurnader frå verksemder. Lefdal Mine Datacenter er ein stor og seriøs aktør som har lukkast svært godt med si datasentersatsing i Nordfjord. Dei har no konkrete planar for å utvide den satsinga på Melsgjerdet. Det er ei satsing som vil styrke Ørsta som industri og næringslivskommune.
Kva er eit datasenter?
Eit datasenter er eit anlegg med serverar som lagrar og behandlar data. Data blir sende gjennom fibernett til kundar i Noreg og utlandet. Planen for Melsgjerdet er eit datasenter med ein kapasitet på om lag 100–150 megawatt. Lefdal Mine Datacenter opplyser at dei byggjer datasenter med høg driftstryggleik og energieffektivitet.
LMD
Store investeringar og aktivitet
Etableringa er planlagt som ei investering på om lag 10 milliardar kroner.
I utbyggingsperioden er det anslått om lag 1000 årsverk. Bygging og drift av eit slikt anlegg krev mykje kompetanse og mange leveransar. Lefdal Mine Datacenter har opplyst at dei ønskjer å bruke lokale og regionale leverandørar, og at ein stor del av investeringa kan gå gjennom det lokale næringslivet.
Når anlegget er i drift, er det om lag 100 årsverk, fordelt mellom faste ansatte, kunde ansatte og lokale leverandørar. Det vil vere eit behov for varer og tenester innan teknisk drift, vedlikehald og elektroniske løysingar.
Samarbeid med Tussa
Tussa Kraft er samarbeidspart i prosjektet og kan levere tenester til datasenteret. Samarbeidet er venta å gi utviklingsmoglegheiter for begge partar.
Datasenter produserer også overskotsvarme. Det er aktuelt å bruke denne varmen vidare, blant anna gjennom eksisterande fjernvarmeanlegg. Eldhuset på Mosflata er peikt på som eit mogleg knutepunkt for slik bruk.
Ein plan for utnytting av overskotsvarme vil vere ein viktig del av det vidare arbeidet.
Behov for meir straum og nasjonal vurdering
Eit datasenter av denne storleiken krev mykje straum. Melsgjerdet ligg nær Hovdenakken transformatorstasjon og det vil der vere behov for å forsterke kapasiteten i straumnettet.
Lefdal må søkje Statnett om å få tildelt kraft, og prosjektet vil bli vurdert i den nasjonale køordninga for store straumforbrukarar. Her blir prosjekt vurderte ut frå mellom anna modenheit og samfunnsnytte.
Utdanning og kompetanse
Eit datasenter har behov for fagarbeidarar innan fleire område, mellom anna elektro, automasjon, mekanikk, kjøleteknologi, data og tryggleik.
Det kan gi moglegheiter for lærlingplassar og arbeid for elevar frå vidaregåande skule. Slike etableringar kan også bidra til utvikling av nye utdanningstilbod, til dømes innan IKT og datasenterdrift.
Vidare prosess
Dersom kommunestyret godkjenner intensjonsavtalen 18. juni, vil det bli sett i gang arbeid med reguleringsendring og nødvendige søknadar, mellom anna knytt til kraftforsyning.
Det vil også bli gjennomført informasjonsmøte for naboar, innbyggarar og andre interessentar om kva ei slik etablering vil innebere.
Ein mogleg byggestart er anslått til om lag 2,5 år fram i tid.
Ynskjer du å vete meir om prosjektet kan du følgje presentasjonen på direktesendinga av kommunestyret 18. juni.
Skisse av bygget på Melsgjerdet.
LMD