Næringsprisen 2025
Mai-Britt Overå tok imot næringsprisen for 2025 til Sunkost i Ørsta.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
Grunngjeving:
Ørsta kommune har gleda av å tildele Næringsprisen 2025 til Sunkost Ørsta. Sunkost Ørsta er ei verksemd som gjennom fleire tiår har vore ein sentral og stødig berebjelke i handels- og næringslivet i kommunen. Prisen vert tildelt ei verksemd som har utmerkt seg med ei langsiktig og målretta drift, høg fagleg kvalitet og eit tydeleg samfunnsengasjement – og som i tillegg har vore ein trygg og kunnskapsrik helsekostressurs for heile regionen.
Verksemda vart etablert for over 40 år sidan av Petra Overå, som med stort pågangsmot, fagleg innsikt og framtidsretta initiativ bygde opp eit helsekosttilbod som den gong var både modig og nytenkjande. Sidan oppstarten har Sunkost Ørsta vore eit breitt og påliteleg tilbod til helsemedvitne innbyggjarar.
I dag er det Mai-Britt Overå som står i spissen for drifta. Ho har vidareført og vidareutvikla verksemda med ein tydleg dedikasjon og høg profesjonell standard. Under hennar leiing har Sunkost Ørsta utvikla seg til ei moderne, veldriven og fagleg solid verksemd med god kundeservice. At butikken tidlegare er kåra til Årets butikk i Sunkost-kjeda – i tillegg til fleire andre utmerkingar – stadfestar ei drift som strekkjer seg etter dei høgaste kvalitetane, med kundane som det klare midtpunktet.
No har også tredje generasjon gått inn i verksemda. Andrea Overå Sætre medverkar med ny energi og framtidsretta perspektiv, og sikrar slik både kontinuitet og vidareføring av familieverksemda. Evna familien Overå har til å sameine tradisjon og innovasjon, samtidig som dei held fast ved dei verdiane som gjennom tiåra har gjort verksemda til ein suksess, er ein berebjelke i tildelinga av årets pris.
Sunkost Ørsta er ei verksemd av avgrensa storleik, men med ein viktig betydning for lokalsamfunnet. Ho er kjenneteikna av brei fagleg tryggleik innan helsekost, med personleg og grundig rettleiing, og ekte omsorg for kundane. Gjennom aktivt nærvær i sosiale medium og eit tydeleg engasjement for å styrkje og vidareutvikle eit mangfaldig og livskraftig handelstilbod – både på Alti og i sentrum generelt – viser Mai-Britt og hennar medarbeidarar eit sterkt og varig samfunnsansvar.
Ørsta kommune vil rette ei særleg takk for det banebrytande arbeidet som låg til grunn då butikken vart etablert, og for den innsatsen familien Overå har lagt ned gjennom meir enn fire tiår. Sunkost Ørsta er eit føredøme innan lokalt næringsliv – ei verksemd som viser kva som er mogleg når fagkunnskap, arbeidsvilje og ekte omsorg for menneske går hand i hand.
Vi gratulerer Sunkost Ørsta og familien Overå hjartans med Næringsprisen 2025.
Kulturprisen 2025
F.v: Eli Øvstegård Lannerholm, Anne-Mari Øyehaug, Turid Hoggen Karlsbakk og Edel Vatne Roald tok mot diplom for kulturprisen 2025.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
Grunngjeving:
Desse fire damene har kvar for seg og saman gjort ein uvurderleg innsats for å bevare og lyfte fram historia og kulturen i Ørsta gjennom sin årelange innsats i Ørsta Sogelag, Ørsta bygdemuseumslag og skriftstyret for Ørstaminne.
- Eli Øvstegård Lannerholm var med i skriftstyret frå starten i 1985 til 1994 og frå 2005 tiI 2024. Ho har også mange år bidrege med artiklar i Ørstaminne.
- Edel Vatne Roald har ført rekneskapen for bygdemuseumslaget frå 1982 og til dags dato, og også fleire år vore leiar. Ho har i alle år vore aktiv i organiseringa av arrangementa på Brudavollen. Ho har også vore medlem av skriftstyret frå 2015 og til dags dato, og bidrege med artiklar i Ørstaminne.
- Turid Hoggen Karlsbakk var medlem i skriftstyret frå 2012 til 2024. Ho har vore nestleiar, eitt år også leiar, i Ørsta Sogelag frå 2014 og til dags dato. Ho har også bidrege med artiklar i Ørstaminne,.
- Anne-Mari Øyehaug har vore ein framifrå leiar for Ørsta Sogelag i 20 år frå 2004 til 2024. Ho har også skrive i Ørstaminne.
Vi gratulerer med Kulturprisen 2025.