TV-aksjonen og kulturkafé

TV-aksjonen og kulturkafé

NRK TV-aksjonen

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 19. oktober og allerede fredag 10. oktober kan du ta turen innom kulturkaféen og støtte.

Di støtte til NRK TV-aksjonen 2025 vil bidra til varige endringar som gir auka livskvalitet, respekt og fridom. Saman opnar vi dører til samfunn der alle har ein plass.

TV-aksjonen NRK fyller 51 år i 2025, og det er Atlas-alliansen som er tildelt årets innsamlingsaksjon. Menneske med funksjonsnedsettingar er verdas største minoritet. Heile 16 % av befolkninga i verda (1.3 milliardar menneske) har ei eller anna form for funksjonsnedsetting. 80 % av desse bur i fattige land, og dei er ofte dei fattigaste i samfunnet sitt. Fordomar og mangel på tilrettelegging og hjelpemiddel gjer det vanskeleg å delta i samfunnet, gå på skule og jobbe. Dette er ikkje berre urettferdig, det er også eit enormt tap for samfunnet når ikkje alle kan vere med og vise kva dei er gode for. Gjennom årets TV-aksjon opnar vi ikkje berre dører til klasserom og arbeidsplassar - vi opnar dørene til ei framtid der alle, uansett føresetnadar, har moglegheit til å delta og bidra.  Meir om TV-aksjonen 2025 finn du her.

Kulturkafé i Ørstahallen

Fredag 10. oktober frå kl. 11.30 blir det kulturkafé i Ørstahallen der alle inntekter går til TV-aksjonen. 

Det blir diska opp med ukrainsk mat, denne gongen er det pirogar/dumplings som står på menyen. Det blir også loddsal. Vi markerar i tillegg verdensdagen for psykisk helse der temaet er " Vi treng å styrke vår psykiske beredskap" .

Ta turen til Ørstahallen, nyt nydleg ukrainsk mat og kjøp eit lodd eller 5 og støtt ei god sak.  

Samarbeid mellom Møteplassen, Småjobbsentralen og LPP.

Bli bøssebærar

Du kan registrer deg som bøssebærar her.
Oppmøtetidspunkt og stad for utlevering av bøsse er 19. oktober kl. 14:00 på Ørsta rådhus (på møteromma, inngang på sørsida).

Komiteen i Ørsta

Komiteen for TV-aksjonen er: Per Are Sørheim (leiar), Hjørdis Almelid Vikenes, Anbjørn Steinholm Frislid, Monica Kipperberg og Håkon Moltubakk.