Ørsta kommune søkjer kommunedirektør

Ørsta kommune søkjer kommunedirektør

Håvard Myklebust

Vil du stå i front for utvikling og fellesskap?

Om Ørsta

Ørsta kommune er, med om lag 11 000 innbyggjarar, ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har eit sterkt og variert næringsliv og ein aktiv arbeidsmarknad. Ørsta byr på storslått natur og gode vilkår for friluftsliv, men har også eit sterkt sentrum for handel og kultur. Kommunen ligg sentralt plassert med korte avstandar til resten av Sunnmøre og Nordfjord. Kommunen har gode kommunikasjonar, med flyplass og fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Om stillinga

Ørsta er ein kommune i vekst, prega av høg aktivitet og eit offensivt næringsliv. Som kommunedirektør får du ei sentral rolle i vidare utvikling av kommunen og ein variert, meiningsfylt og innhaldsrik arbeidskvardag med ansvar for eit viktig samfunnsoppdrag. Du leier ein kompetent organisasjon med dyktige fagmiljø, ei solid leiargruppe og eit velfungerande partsamarbeid.

I denne rolla er du ein synleg og samlande leiar som trivst med representasjon og evnar å byggje tillit.

Det er fleire store og spanande utviklingsprosjekt på gang, mellom anna nytt kulturhus og ny vidaregåande skule – prosjekt der kommunedirektøren vil ha ei nøkkelrolle.

Kontorplassering: Ørsta rådhus.

Dine viktigaste arbeidsoppgåver

  • Utøve heilskapleg, inkluderande og strategisk leiing av kommunen.
  • Sikre god planlegging, effektiv organisering og kontinuerleg organisasjonsutvikling.
  • Utarbeide saker til politiske organ og iverksetje og følgje opp politiske vedtak.
  • Sikre berekraftig og langsiktig økonomistyring og leggje til rette for økonomisk handlingsrom.
  • Leie, motivere og følgje opp kommunen si leiargruppe, og dei du har direkte personalansvar for, samt vidareutvikle eit godt partsamarbeid.
  • Bidra aktivt til samfunns- og næringsutvikling gjennom lokalt og regionalt samarbeid.

Kven er du?

Vi søkjer ein tydeleg og tillitsvekkjande leiar med gode samarbeidsevner og høg integritet. Du har solid leiarerfaring, gjerne minst fem år, og god forståing for offentleg forvaltning og økonomi. Du har høgare relevant utdanning på minimum bachelornivå.
Erfaring frå offentleg sektor og innsikt i samspelet mellom politisk og administrativ leiing er ein fordel.
Du kommuniserer klart og truverdig, både munnleg og skriftleg, og er ein trygg formidlar. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.

Du må kunne sikkerheitsklarerast i samsvar med sikkerheitslova.

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg, kommunikativ og samlande leiar med stødig framtoning.
  • Omgjengeleg, folkeleg og imøtekomande.
  • Arbeider strukturert, målretta og strategisk.
  • Robust, med høg arbeidskapasitet og evne til å stå stødig i krevjande situasjonar.
  • Løysingsorientert og diplomatisk i møte med komplekse problemstillingar.
  • Du kjenner deg att i verdiane våre – tillit, energi, løysingsvilje og utvikling – og lèt dei vere førande for korleis du leier og samhandlar.

 

Mangfald og vilkår

Ørsta kommune skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetjing og kulturell bakgrunn.

Prøvetida i faste stillingar er seks månader, og fråvær kjem til fråtrekk.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra, rettane og pliktene som følgjer av lovverk, tariffavtalar og kommunale reglement. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi gjer merksam på at søkjarliste vil verte offentleg, jf. offentleglova § 25.

Søk her

Søknadsfrist 22. februar 2026.