Klipp hekken og gjer skulevegen trygg

Klipp hekken og gjer skulevegen trygg

Måndag 17. august startar eit nytt skuleår og borna skal ut på vegane. Kommunen ber huseigarar om å klippe hekkar slik at det vert tryggare for borna å ferdast. 

Fri sikt er eit viktig trafikktryggingstiltak. Du må sørge for at busker/planter og gjerde er så låge at alle kan gå, sykle eller køyre trygt forbi eigedomen din.

Køyre forsiktig og vis omsyn til borna og alle andre mjuke trafikantar.
 

Avkøyrsle som kryssar gang- og sykkelveg

Om avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg, må høgda på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Statens Vegvesen

 
Avkøyrsle som munnar ut i veg

Om avkøyrsla di munnar ut i veg, må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan. Kor langt du skal kunne sjå til kvar side er avhengig av fartsgrensa på staden Statens vegvesen


Du finn meir informasjon om klipping av hekkar og busker på nettsidene til statens vegvesen.

Ansvar

Eig eller disponerer du ein eigendom med avkjørsel til veg eller gang- og sykkelveg? Da har du ansvar for å sørge for fri sikt ved din avkjørsel (jf. Vegloven §31 og §43).

Sjå statens vegvesen for retningslinjer