Stillinga vart lyst ut med søknadsfrist 22. februar, og totalt 12 søkjarar meldte seg. Rekrutteringsprosessen har vore leia av selskapet Yapril, i tett samarbeid med innstillingsutvalet. Etter intervju, testar og referansesjekkar vurderte utvalet Flø som den klart best kvalifiserte kandidaten.
Kari Flø har brei leiarerfaring frå kommunal verksemd og har sidan september 2025 vore konstituert kommunedirektør. Ho blir beskriven som ein tydeleg og tillitsvekkjande leiar med høg integritet, gode samarbeidsevner og solid rolleforståing. Ho har lang erfaring med budsjettstyring, politisk sakshandsaming og leiing av komplekse kommunale tenesteområde.
– Kari Flø har den kompetansen, erfaringa og dei personlege eigenskapane som skal til for å leie Ørsta kommune vidare. Ho er engasjert, grundig og inkluderande, og vil vere ein viktig ressurs for kommunen framover, seier ordførar Per Are Sørheim.
Ørsta kommune ser fram til eit godt samarbeid og ønskjer Kari Flø lukke til i den nye rolla.