Frå måndag kan du førehandsrøyste

Frå måndag kan du førehandsrøyste

Ingeborg står å held ei valurne. - Klikk for stort bileteValansvarleg Ingeborg Bjørneset håpar mange nyttar seg av moglegheita til å førehandsrøyste. Ingvild Marie Taraldset

Ønsker du å sleppe lang kø på valdagen kan du førehandsrøyste på Ørsta kulturhus frå måndag 11. august til fredag 5. september.

Vi har hatt gode tal på førehandsrøysting tidlegare år og håpar mange nytta moglegheita til å førehandsrøyste tidleg.

Tidspunkt du kan førhandsrøyste:

  • måndag 11. august–fredag 15. august: 12.00–15.00 
  • måndag 18. august–fredag 22. august: 12.00–15.00 
  • laurdag 23. august: 12.00–15.00 
  • måndag 25. august– torsdag 28. august: 12.00–18.00 
  • fredag 29. august: 12.00–15.00 
  • laurdag 30. august: 12.00–15.00 
  • måndag 1. september– torsdag 4. september: 12.00–18.00 
  • fredag 5. september: 12.00–15.00

Sjå også oversikt over røysting ved institusjonar.

Hugs legitimasjon. 

Visste du at når du førehandsrøyster kan du røyste i alle kommunar i heile landet, uavhengig av kvar du bur til vanleg?

Les meir om val og førhandsrøysting på val-sidene våre her.