Når avspark går, blir kampen vist på storskjerm i kinosalen i Ørsta kulturhus. Arrangementet er gratis og ope for alle, og takka vere bidrag frå SpareBank 1 SMN sitt samfunnsutbytte får alle som kjem servert popcorn, brus og pølser. Eg er utruleg glad og takknemleg for at Sparebank 1 SMN viser samfunnsansvar på denne måten, seier fungerande ordførar Tove Halse Digernes.
– Vi ønskjer å samle folk til ei skikkeleg fotballoppleving. Dei største augneblikka blir best når dei blir delte, og vi håper både små og store tek turen for å heie fram Noreg saman, seier Digernes og banksjef i Sparebank 1 SMN, Fredric Holen Bjørdal.
Arrangementet er rusfritt og familievennleg, og alle er hjarteleg velkomne. Med plass til om lag 300 personar håper arrangørane å fylle kinosalen og skape den beste heimebanestemninga landslaget kan få. For å sikre seg plass kan ein tinge gratisbillett i billettsystemet til Ørsta kino.
No håper vi Ørsta stiller opp! Ta med familie, vener og naboar, og bli med på å skape den beste heimebanestemninga Noreg kan få – frå kinosalen i Ørsta.