Ørstafjorden ein haustdag
Ingvild Marie Taraldset
Ørsta kommune står i ei økonomisk utfordring som er både alvorleg og langvarig. Budsjettet er utarbeidd med bakgrunn i ei stram økonomisk ramme, der kostnadsvekst, endra inntektsgrunnlag og aukande krav til tenestene gjer det krevjande å oppretthalde dagens nivå. Dette er ikkje eit budsjett som gir rom for ønskjer – det er eit budsjett som krev prioriteringar og ansvarlege val.
Hovudårsaka til kommunen sine økonomiske utfordringar er høge finansutgifter. I opphavleg budsjett for 2025 vart det avsett kr 155,5 mill. til betaling av renter og avdrag og i 2026 er dette berekna til kr 159,3 mill. Dette er meir enn ei dobling frå nivået i 2022 på kr 66,4 mill.
Auken i finansutgifter har tidlegare vorte delvis finansiert av disposisjonsfondet, men sidan dette fondet vart tømt i 2024 er det ikkje mogleg å balansere budsjett og økonomiplan ved å bruke av disposisjonsfond i 2026. Det vil seie at finansutgiftene fullt ut må dekkast ved å redusere driftsnivået og auke inntektene. Sidan det er særs utfordrande å greie å redusere driftsnivået i løpet av to år, ser ikkje kommunedirektøren annan utveg enn å tilrå ein auke i eigedomsskatten til 4 ‰ i 2026. Dette er maksimal sats for bustadar og fritidsbustadar.
Endringar i alderssamansettinga i befolkninga
For budsjettåret 2026 og økonomiplan 2026–2029 gjer kommunedirektøren ytterlegare dreiing i ressursfordelinga frå Oppvekst, kultur og inkludering mot Helse, omsorg og velferd, slik at det er meir i samsvar med demografiutviklinga.
Demografiske endringar forsterkar utfordringane til kommunen. Vi får færre unge og fleire eldre, noko som aukar behovet for helse- og omsorgstenester, samtidig som det blir vanskelegare å rekruttere nok arbeidskraft til kommunale oppgåver. I løpet av økonomiplanperioden vil talet eldre over 65 år verte større enn talet på yngre under 20 år.
Aldersbereevna viser forholdet mellom den yrkesaktive befolkninga og den eldre delen av befolkninga. Aldersbereevne vert definert som tal på innbyggarar i alderen 16-66 år samanlikna med 67 år og oppover. Befolkningssamansettinga i Ørsta kommune tilseier at det i 2050 vil vere nær ein person mindre i yrkesaktiv alder pr. person 67 år og eldre. Frå nær tre personar i dag, til to i 2050. Dette vil vere ei av våre største utfordringar framover.
Omstilling
I 2024 brukte vi opp heile disposisjonsfondet. Det betyr at vi no har mindre handlingsrom og ingen buffer til uventa utgifter. Framover må vi ha sterkt fokus på økonomistyring og prioriteringar for å sikre ei berekraftig drift.
I budsjettet for 2026 foreslår vi fleire tiltak for å effektivisere drifta. Nokre av desse er meir omfattande enn andre. For å kunne oppretthalde tenestene innanfor ein stram økonomi, må vi også vurdere strukturelle endringar. Mange av desse tiltaka er lagt fram tidlegare men ikkje vedtekne. Desse står som ikkje valde tiltak.
Situasjonen er alvorleg, og det krev tøffe val. Det er ikkje mogleg å kutte i budsjettet utan at det påverkar tenestene. Framlegget til budsjett og økonomiplan er særs stramt. Dvs. at dersom kommunestyret ikkje vel eitt av innsparingstiltaka så må det kompenserast med å velje eitt eller fleire av dei ikkje valde. Dersom ikkje risikerer vi at budsjett og økonomiplan ikkje er i balanse, noko som kan føre til at kommunen kan verte meldt inn i ROBEK-registeret allereie i februar.
Vi kan ikkje spare oss til fant
Økonomien i Ørsta kommune er pressa, og vi står overfor krevjande prioriteringar i budsjettet for 2026. Samstundes må vi vere varsame med å kutte så mykje at det går ut over dei tenestene som innbyggjarane våre er avhengige av – og som på sikt kan koste oss meir dersom vi bygg ned for mykje.
Å «spare seg til fant» betyr å kutte så hardt at det undergrev framtidig utvikling, kvalitet og effektivitet. Det er ei felle vi må unngå. Vi må heller finne balansen mellom nødvendig innstramming og strategiske investeringar som sikrar berekraftige tenester, god samfunnsutvikling og tillit frå innbyggjarane.
Vi skal vere ansvarlege og realistiske, men også modige og framtidsretta. Det krev at vi tenkjer nytt, samarbeider på tvers og prioriterer det som gir mest verdi for fellesskapet – både i dag og i morgon.
Ørsta kommune har teke aktive grep for å vere ein attraktiv kommune. Vi har satsa på sentrumsutvikling, bustadtomter, nye næringsareal og arbeidsplassar, aktivitetsparkar, idrettshallar og skulebygg. Dette er viktig for å skape bu- og investeringslyst i heile kommunen. Fylkeskommunen si satsing på ny vidaregåande skule saman med nytt kulturhus vil gi eit stort løft for Ørsta. Dette er ein direkte konsekvens av satsinga på fortetting og sentrumsutvikling som gir auka etablering og nye arbeidsplassar.
Budsjett for 2026 og økonomiplan for 2026–2029 finn du her
Konstituert kommunedirektør Kari Flø
Ingvild Marie Taraldset