Ørsta kommune / Thomas Winther Leira
Vartdal ligg langs E39 i pendlaravstand til mellom anna Ørsta, Ulsteinvik og Ålesund. Langs heile Vartdalsstranda finst det vakre fjell- og turdestinasjonar i tillegg til ei rekkje kultur-, idrett- og fritidstilbod for innbyggjarane. Sætrefeltet ligg i ei solrik åsside litt aust for Vartdal sentrum og har utsikt over Vartdal og Vartdalsfjorden. Frå bustadfeltet er det gangavstand til både barnehage, skule og daglegvarebutikk
Tomtene er byggjeklare. Ta deg gjerne ein tur til Sætrefeltet for å sjå på tomtene.
Ledige tomter
Tomter som er merka med "L" er ledige.
Tomter som er merka med "R" er reserverte.
Merk deg at det er Sunnmørskart som til ei kvar tid er den oppdaterte kjelda på om ei tomt er ledig eller reservert.
Sjå tomtene i Sunnmørskart Sjå reguleringsplan i planinnsyn
Pris
Prisane under gjeld frå 01.01.2024. Prisane vert å regulere kvart år med auke i konsumprisindeksen.
I tillegg til tomteprisen kjem kostnader med matrikkelbrev for tomt, tinglysingskostnader for skøyte, administrasjonsgebyr og tilknytingsgebyr for vatn og avlaup.
Søk om bustad
På lenkja under finn du viktige dokument i høve bustadfeltet, dette inneber 20 sider med informasjon om alt i frå tomteprisar, reguleringsplanar, vilkår for kjøp osv.
Orientering om bustadfeltet, tomtene og vilkår for kjøp
«Fyrste mann til mølla»-prinsippet gjeld i fordelinga av tomter.
Søk om bustadtomt