AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Tomter: Nordre Vartdal / Steinholen

Steinholen ligg på Nordre Vartdal i pendlaravstand til mellom anna Ørsta, Ulsteinvik og Ålesund. Feltet ligg på ei høgde sør for E39 og har utsikt over Vartdalsfjorden mot Hareidlandet og Sulafjorden. Området vender mot vest og er solrikt.

Næraste barnehage, skule og daglegvarebutikk er på Vartdal, ein 5-minutters kjøretur unna. Langs heile Vartdalsstranda finst det vakre fjell- og turdestinasjonar i tillegg til ei rekkje kultur-, idrett- og fritidstilbod for innbyggjarane.

Tomtene er byggjeklare. Ta deg gjerne ein tur ut i tomtefeltet for å sjå på tomtene.

Tomter som er merka med "L" er ledige.
Tomter som er merka med "R" er reserverte.

Merk deg at det er Sunnmørskart som til ei kvar tid er den oppdaterte kjelda på om ei tomt er ledig eller reservert.

Sjå tomtene i Sunnmørskart  Sjå reguleringsplan i planinnsyn

 

Pris

Tomtene har ein redusert pris på kr 25.000,- + gebyr.

 

Søk om bustadtomt

«Fyrste mann til mølla»-prinsippet gjeld i fordelinga av tomter.

Reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Ørsta kommune

Søk om bustadtomt

Kontakt

Arnstein Nupen jurist
70 04 97 65
@ Arnstein Nupen