AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Tomter: Mosbakkane

Klikk for stort bilete

 

Mosbakkane ligg på Øvre Mo, like i nærleiken av Ørsta sentrum. Tomtefeltet har svært gode soltilhøve og flott utsikt mot sentrum, fjorden og fjella ikring. Tomtene har sentral plassering, med kort veg til skular, barnehagar og daglegvarehandel. Området har også fine turmoglegheiter og leikeplassar.

Tomtene er byggjeklare. Ta deg gjerne ein tur til Mosbakkane for å sjå på tomtene.

 

Ledige tomter

Tomter som er merka med "L" er ledige.
Tomter som er merka med "R" er reserverte.

Merk deg at det er Sunnmørskart som til ei kvar tid er den oppdaterte kjelda på om ei tomt er ledig eller reservert.

Sjå tomtene i Sunnmørskart  Sjå reguleringsplan i planinnsyn

 

Pris

Prisane under gjeld frå 01.01.2021. Prisane vert å regulere kvart år med auke i konsumprisindeksen.

Mosbakkane tomteprisar
Tomt Areal (m2) Tomtepris 2021 (NOK)
T7 1143,6 1.676.141
T8 876,4 1.334.005
T9 781,1 1.211.978
T10 904 1.369.344
T12 666,9 1.065.750
T16 658,4 1.054.867

I tillegg til tomteprisen kjem kostnader med matrikkelbrev for tomt, tinglysingskostnader for skøyte, administrasjonsgebyr og tilknytingsgebyr for vatn og avlaup.

 

Søk om bustadtomt

På lenkja under finn du viktige dokument i høve bustadfeltet, dette inneber over 60 sider med informasjon om alt i frå tomteprisar, reguleringsplanar, vilkår for kjøp osv. 

Orientering om bustadfeltet, tomtene og vilkår for kjøp

«Fyrste mann til mølla»-prinsippet gjeld i fordelinga av tomter.

Søk om bustadtomt

 

Kontakt

Arnstein Nupen jurist
70 04 97 65
@ Arnstein Nupen