Veke 17: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 23.04.24 – 30.04.24

  • 12:52 Fredag ettermiddag rykte brannkonstablane på Vartdal saman med vaktlag 4 frå Ørsta ut til grasbrann på Nordre Vartdal. Brannkonstablane frå Vartdal får raskt kontroll på brannen. Som følgje av det tørre terrenget går brannkonstablane grundig til verks og kontrollerar i tillegg området rundt. Grunneigar fikk beskjed om at dei er ansvarleg for kontroll og vakthald etter at brann- og redningsvesenet har avslutta sløkkeoppdraget.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking . Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann. Det er ei risikofylt oppgåve som krev jamleg øving for å kunne utføre den på ein forsvarleg måte.
  • 23:24 Fredag kveld rykte innsatsleiarvakta ut til bål i Hovdebygda. På staden kjem det fram at det er eit lovleg bål og at bålbrennar har kontroll.
  • 21:28 Laurdag kveld rykte innsatsleiarvakta ut til melding om masseforflytning ved hus i Hovdebygda. Det var meldt om kraftige smell og mur som var slidd ut av posisjon. På veg ut ba innsatsleiar frå politiet om evakuering av to bustadar. Brann, politi og teknisk vakt var på staden og kontrollerte. Dagen etter var det teke dronebilete som var sendt til geolog for avklaring.
  • 02:20 Natt til søndag rykte brannvesenet ute på helseoppdrag.
  • Søndag var Bjørnis på Follestaddalen i forbindelse med arrangement på samfunnshus.😊
  • 18:33 Søndag kveld var vaktlag 1 på skogbrann ved Kanalvegen vest for vassverket i Ørsta sentrum. Umiddelbart ved ankomst starta dei sløkking med vatn frå tankbilen. Tidleg varsling og lite vind gjorde at brannkonstablane raskt fekk kontroll over situasjonen. Det var ein liten bekymring for at brannen kunne spreie seg til granskogen og bli meir utfordrande å handtere på grunn av en mogleg "toppbrann", som beveger seg raskare og er vanskelegare å slokke. Heldigvis endte det godt denne gongen, og brannen blei avgrensa til et område på omtrent 20 x 50 meter.
Grasbrann på Nordre Vartdal. Ørsta brann og redning