Veke 27: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 28.06.22 – 05.07.22

  • 10:00 – 12:00 Tysdag var det open brannstasjon i forbindelse med arrangementet "Feriemoro" som Ørsta kommune arrangerar. Her fekk dei som kom innom sjå på brannbilar, spyle med brannslange, quiz med premie og helse på Bjørnis. Kjekt at så mange tok turen!
  • 20:11 Onsdag kveld rykte vaktlag 3 ut til brann i plenklippar i Ørsta sentrum. Når brannmannskapet kom fram var brannen sløkt, men klipparen ville ikkje stoppe. Den vart stoppa og kontrollert for temperatur. Huseigar var bedt om å halde auge med den til den kolna heilt og kontakte leverandør.
  • 04:50 Natt til fredag rykte vaktlag 3 ut til automatisk brannalarm frå ein bustad i Ørsta sentrum. Det kom raskt fram at alarmen kom frå garasje. Ingen teikn til brann. Teknisk feil orsak til alarm.
  • 16:00 – 17:30 Fredag øvde vaktlag 4 på kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking . Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann.