Veke 21: Nytt frå brannvakta

 

Brann- og redningsloggen 17.05.22 – 24.05.22

  • Denne veka har ØBR hatt brannvernopplæring med 6.klassene på Vikemarka, Sæbø, Vartdal og Velle skule. Der fekk alle elevane informasjon om brannvern, korleis kontrollere slokkeapparat og prøve å slokke reel brann.
  • 14:00 Fredag rykte ØBR si dronegruppe ut til terrengbrann i Ulsteinvik. På staden sendte ein drone opp i lufta og fekk raskt oversikt over situasjonen. I starten var det ein del røyk, som gjorde at ein kun såg med det termiske kameraet. Bilda frå drona vart streama i sann tid til 110-sentralen og til ein app som alle brannvesena har tilgang til. Drona var i lufta og bistod med oversikt og kontroll fram til rundt kl. 17, når skogbrannhellikopteret kom.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking . Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann.

Bilder av brannen med vanlig kamera og termisk kamera. Ørsta brann og redning    

Bilder av brannen med vanlig kamera og termisk kamera. Ørsta brann og redning