Førebu deg for ekstremver onsdag og torsdag 12.-13.januar!

Elvar og mindre bekkar kan brått frakte større mengder med sørpe, vatn og is i dagane framover. 

Store nedbørsmengder og kraftig snøsmelting gir fare for ekstremver onsdag og torsdag.
NVE har heva farenivået til raudt med stor fare for sørpeskred, flaumskred og jordskred. I tillegg blir det stor snøskredfare, nivå 4. 
 

Hald sluk og rister frie for is og snø!

– Ørsta kommune har gjort forebyggande tiltak, og har tilsette i beredskap for å hjelpe teknisk vakt dersom det trengst, uttaler assisterande kommunedirektør Eldar Øye. – Men folk må gjerne hjelpe til med å halde sluk og rister frie for is og snø nært der dei bur, og generelt vere varsam og årvåkne desse to dagane. Ver spesielt merksam på at elvar og mindre bekkar brått kan frakte større mengder med sørpe, vatn og is.
 

Ver budde på straumbrot

Uveret kan føre til at straumen blir borte, så ver budde på straumbrot.
Du finn gode råd i brosjyra om Beredskap i heimen.
Sjå også informasjonssida om beredskap (lenke lenger nede).
 

Unngå unødig ferdsel 

Med dei forholda som er under ekstremvêret oppmodar vi om å unngå all unødig ferdsel over Standalseidet og langs Hjørundfjordstranda, då desse strekningane er skredutsett.
 

Skular og barnehagar

Oppmøte på skular og barnehagar som normalt, så lenge vegar med skuleskyss ikkje vert stengde.

 

Varsel om ekstremvêret Gyda frå Meteorologisk institutt og NVE

  
Varsel om regn 

Varsel for Møre og Romsdal
Nivå: Raudt - ekstremt mykje regn 
Gyldig frå torsdag 12.01.2022 kl. 13.00 
Sjå varsom.no for meir informasjon 
  

Varsel om jord-, sørpe- og flomskredfare

Varsel for store deler av Sør- og Midt-Norge
Nivå: Raudt 
Gyldig frå torsdag 12.01.2022 kl. 07.00 
Svært mange jord-, sørpe- og flomskred er forventa
Sjå varsom.no for meir informasjon 

Nedbørsprognosar frå MET - ekstremvêret Gyda   

Telefonliste

  • BRANN 110 
  • POLITI 112 
  • AMBULANSE 113
     
  • Legevakt 116 117
  • Teknisk vakt 900 49 760 

Satellitt-telefonar

I samband med ekstremvêret som er meldt har vi ute satellitt-telefonar. Ved utfall av mobilnettet kan desse kontaktpersonane ha kommunikasjon til/frå Ørsta

  • Sæbø brannstasjon - kontaktperson Øyvind Taklo
  • Øye branndepot - kontaktperson Ronny Norangshol
  • Skyssbåten på Hjørundfjord

 

Andre lenker

Informasjonsside om beredskap for Ørsta kommune 

Varsom.no – Flaum- og jordskredvarsel

Met.no – Meteorologisk institutt – Ver- og farevarsel 

NVE – Noregs vassdrags- og energidirektorat

Statens vegvesen 

    


  

Bilete frå ekstremvêret