Triveleg markering av eldredagen

Den internasjonale eldredagen blei markert 6 oktober i Ørsta kulturhus. Dei som var der fekk mellom høyre vakkert pianospel av Sigurd Ose, og eldreombod Bente Lund Jacobsen var til stades over Internett.

Ørsta kommune har hatt ei spørjeundersøking retta mot innbyggjarar over 60 år gjennom arbeidet med reforma «Leve hele livet». Fysioterapeut og prosjektleiar for «Leve heile livet» Stina Jakobsen synte resultatet frå undersøkinga og delte tankar om korleis informasjonen er tenkt brukt for å skape eit meir aldersvenleg samfunn.

Følg oss