Strandryddedugnad 11.–19. september

VØR – www.vor.no Den årlege strandryddedugnaden står for døra, meir eksakt 11.–19. september. Og vi håper du, klassa di, avdelinga i barnehagen eller andre vil vere med ut og rydde!  I fjor blei det samla inn mykje avfall på bygdene av både små og store, godt jobba! No er det dags for ny runde, før vinteren kjem.
 

  • VØR tek imot avfall frå ryddeaksjonar.
  • VØR har hanskar og rullar med sekkar ein kan hente ut på administrasjonsbygget i Hovdebygda.
  • Ein må ha aksjonskode når ein leverer avfallet til VØR.  Aksjonar som er registrert hos Hold Norge Rent får aksjonskode.

Kan eg berre rydde i fjøra?
Nei, alt avfall på ville vegar vert teken i mot, og ingen innsats er for liten! Ein kan i tillegg få utdelt gratis hanskar for born og vaksne, samt sekkar på VØR. Les meir om kva VØR skriv om strandryddeveka og anna rydding her:  https://www.vor.no/er-du-med-laurdag-13-mars.6371095-469681.html 

Ein kan lese meir om Hold Norge Rent sin kampanje «strandryddeveka» her: https://holdnorgerent.no/strandryddeuka 

Treng du vekkøyring av avfallet du/dokker har rydda?
Småjobbsentralen kan kome å hente sekkar med avfall og bringe desse til VØR, berre ta kontakt på 902 54 673 / 907 35 122. Småjobbsentralen kan også køyre ut hanskar og sekkar til dei som ikkje får henta dette på VØR sjølve.

Treng du lage din eigen ryddeaksjon og aksjonskode?
På https://holdnorgerent.no/strandryddeuka kan ein klikke på "Bli med på ryddeaksjon", og då få oversikt over aksjonar som allereie er organisert der ein kan delta. Om ein vil kan ein også lage sin eigen aksjon om ein vel "Ny aksjon" i menyen.

Men om ein ikkje skal delta i ein spesiell aksjon, kan ein rett og slett skaffe deg sekkar merka med "Hold Norge Rent" enten frå VØR eller ved å ringe Småjobbsentralen, og sette i gang. Når ein har rydda kan ein levere sekkane til Småjobbsentralen på Viketunet etterpå, så leverer dei til VØR med rett kode slik at ein slepp å betale for avfallet.

Denne ordninga er tillitsbasert og det er derfor viktig at ikkje anna avfall enn avfall frå ryddeaksjonar blir levert inn.

Informasjon frå VØR

Informasjon frå Hold Norge Rent 

Følg oss