Søknad
Gymsalane på bygdene
For Dalane, Hovden, Sæbø og Vartdal sender idrettslag/grendalag inn samla oppsett på treningstider for godkjenning av hallnemnda på e-post. Tilføyingar kan skje undervegs, så sant dei meldast inn. Oversikta skal innehalde kva aktivitet, for kva lag og ansvarleg kontaktperson.
Frist for innsending er 1. september.
Sentrum
For Ørstahallen og Vikemarka skal det sendast søknad. I Ørstahallen kan søkjast om fast treningstid i treningsrom , på speleflater og for friidrettsfasilitetar.
Kvart lag, også undergrupper sender eigne individuelle søknadar. Alle søknadar skal innehalde kva aktivitet, for kva lag og ansvarleg kontaktperson.
Frist for innsending er 7. juni.
Prosessen vidare vert då slik: Etter søknadsfristen lagar hallnemnda utkast til fordeling. Alle lag som har søkt vert kalla inn til møte der vi i samråd einast om fordelinga.
Kriterier for tildeling
- Lag frå Ørsta kommune vert prioritert før lag frå andre kommunar.
- Tradisjonelle inneidrettar vert prioritert framfor uteidrettar
- Hallnemnda skal syte for at gunstige treningstimar vert fordelt rettferdig så langt det let seg gjere
- Treningstider i kjernetid vert prioritert for barneidretten
- Treningsflatene til Ørsta kommune skal vere ein tilgjengelege for alle
- Idrett for menneske med nedsett funksjonsevne skal tilgodesjåast med treningstid
- Aktivitetar som gir menneske som står utanfor den tradisjonelle idretten moglegheit til fysisk aktivitet skal tilgodesjåast med treningstid.
Hallfordelingsmøte vert 13. juni kl. 18.30 i Ørstahallen (set av tid til møte).
Send inn
Søknad om treningstider kan sendast til:
Rebecca Riise Bjerknes Rebecca.Riise.Bjerknes@orsta.kommune.no