Saman om demensPårørandegruppa ved Ørstaheimen inviterer til ein dag der vi er saman om demens måndag 22. september 2025.Dette blir ein dag med fagleg påfyll, personlege historier og rom for å dele erfaringar. Arrangementet er ope for alle – både pårørande, helsepersonell, politikarar og andre interesserte.22. september kl. 10.00-15.30 på Ørsta kulturhusBidragsytarar:Randi Kveine og Gisle Erlien Peter Bekkhus-WetterbergTove KrøvelDemens rammar stadig fleire. For at pårørande skal klare å stå i det over tid, treng dei støtte, kunnskap og forståing frå både fagfolk og samfunnet rundt.Arrangementet er gratis og ope for alle.Det blir enkel servering, og vi håper mange vil kome – anten du er pårørande, helsearbeidar, frivillig, politikar eller berre nysgjerrig. PÅMELDINGDu kan melde deg på her: PåmeldingDu kan også sende SMS eller ringe til 93 66 79 97 eller 47 23 74 04 Velkomen til ein dag med alvor, innsikt, håp og fellesskap!Meir informasjon på: Saman om demens