Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Pårørandeskule

Illustrasjonsbilete - Eldre dama saman med ung dame som lagar mat saman. - Klikk for stort bilete Andrea Piacquadio, Pexels

Volda og Ørsta kommunar tilbyr i samarbeid med demensforeiningane i Hornindal, Volda og Ørsta pårørandeskule for pårørande eller andre nære til personar med demens.

Kurstilbodet er primært retta mot pårørande til heimebuande personar med demens.

Målsetjingane med denne kursrekka er mellom anna å gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar og metodar for samhandling som kan bidra til å auke kvaliteten på samværet. I tillegg får ein auka kunnskap om rettar og tenesteapparatet og får møte andre pårørande som er i tilsvarande situasjon.

 

Tid og stad

Kursstad hausten 2023 er Ørsta Røde Kors sine lokale i Strandgata 21 i Ørsta.

Kurset går over fire påfølgjande tysdagskveldar kl 18-21 frå og med veke 42.

Kvar samling har faglege innlegg og tid til samtalar og spørsmål. Det vert også pause med kaffi og enkel servering. Det er gratis å delta på kurset.

Fristen for påmelding gjekk ut 12. oktober

Dersom det blir vanskelig å kome frå for å delta, kan du ta kontakt med teamet i din kommune:

Volda hukommelsesteam: 90 82 26 27

Ørsta demensteam: 91 11 35 78

Ved spørsmål til sjølve kurset kontakt: Bodil Skare på telefon 95 90 64 93

Følg oss