Innsynsrett postlister

(Lenkja under inneheld postliste frå vårt gamle saks- og arkivsystem). 

Gå til postliste

 

Nye postlister ser du her:

Dette er ei mellombels løysning til innsynsløysninga vår fungerar som den skal, etter overgang til nytt saks- og arkivsystem. 

Postliste 04.06.19 (PDF, 247 kB)

Postliste 11-12.06.19 (PDF, 225 kB)

Postliste 13.06.19 (PDF, 161 kB)

Postliste 14.06.19 (PDF, 188 kB)

Postliste 17.06.19 (PDF, 249 kB)

 

Henvising til: Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

Du kan be om innsyn i dokument og få kopi av dokument, på e-post eller ordinær post.  For at Servicekontoret skal handsame innsynet, må du opplyse kva sak det gjeld med saksnummer, sakstittel, dokumenttittel, journaldato, avsendar/mottakar, opplysningar som du finn på postlista.

 

Innsyn i heile saker

Du har og rett til å be om innsyn i alle dokument i ei sak. Ver merksam på at ei sak kan innehalde mange dokument,  gå gjennom saka og be om innsyn i dei dokumenta du har nytte av.

 

Unnateke offentleg innsyn

Enkelte dokument vil vere underlagt teieplikt i lov eller i medhald av lov. Det kan til dømes dreie seg om interne dokument eller dokument som inneheld opplysningar som er undergjeve lovbestemt teieplikt.

Dokument som er underlagt teieplikt vert i postjournalen merka med Hjemmel med påfylgjande lovparagraf.  Avs/mot merka med *****

Dersom du ynskjer å få innsyn i eit dokument, som er unnateke, sender du e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller brev til servicekontoret.  Gi opp saksnummer, tittel , journaldato, avs/mot.  Søknaden vert individuelt handsama og frist for skrifteleg svar er 5 arbeidsdagar.

Dersom du får avslag på krav om innsyn, kan du påklage vedtaket til fylkesmannen.  Send klage til Ørsta kommune,  Servicekontoret, som sender klagen vidare til Fylkesmannen.


Elevmapper og personalmapper

Ligg pr. i dag ikkje på postlista. Du kan tinge desse postlistene. Henvend deg til servicekontoret.

Fann du det du lette etter?

Kontakt

Servicekontoret .
70049700
@ Servicekontoret .

Nyhende