Praktisk informasjon
Vikemarka SFO har 105 born skuleåret 2026/2027. Vi held til på nedrebygget både før og etter skuletid.
Vikemarka SFO opnar kl. 07.15 og stenger kl.16.15.
SFO er stengt jul, påske og juli. Ferietilbod i august, haustferie, vinterferie og juni blir på Vikemarka skule ilag med born frå Sæbø, Dalane og Vartdal.
SFO tilsette deltek på kommunale plandagar og kompetanseutvikling i august og februar.
Tilsette
Koordinator: Janne Kristin Aamaas Solhaug
Miljørettleiarar:
Jan Åge Steinnes
Marie Ottem
Fagarbeidarar:
Anette Botnen Enerhaug
Ragnhild Heggestad
Assistentar:
Randi Hoggen
Bingky Cuisia Kvalheim
Marta Lillås
Åse Myrene
Natalia Nikitina
Mariann Tømmerbakk
Morgon
SFO opnar kl. 07.15.
Lokale for morgon SFO er på nedrebygget.
Vi serverer frukost frå kl. 07.30–08.30. Barna får smørje sin eigen mat. Her kan barna også spele spel, teikne, bygge lego eller halde på med andre rolege aktivitetar.
Kl. 08.45 ryddar vi, og elevane går til klasseromma sine.
Skuledagen startar kl. 09.00
Ettermiddag
Vikemarka SFO har lokale på nedrebygget også på ettermiddag. 1. trinn på klasseromma og 2.–4. trinn på SFO romma.
SFO startar kl. 13.45 og stengjer kl. 16.15
På SFO skal det vere rom for leik og læring, fysisk aktivitet, ro og kvile. Periodeplanar vil bli sendt heim.
SFO har også tilgang til skulen sine spesialrom som gymsal, sløydsal, bibliotek og skulekjøkken.
Plasstypar, prisar, ferie-SFO og meir informasjon