SFO – Sæbø skule

SFO – Sæbø skule

Praktisk informasjon

SFO på Sæbø har per dags dato 31 born komande skuleår. Vi held til i første etasje på 1. og 2. klasserommet. Vi nytter også skulekjøkkenet som er rett over gangen. 

SFO gir tilbod til elevar frå 1. til 4.trinn og til elevar med særskilde behov frå 1.-7.trinn.  

Åpningstid
SFO opnar kl. 07.30 og stenger kl.16.30. For dei med 12 timar gratis plass er opningstida etter skule og fram til kl.16:00. 
SFO har stengt i juli, juleferien og påskeferien. Det er ferie-SFO for dei som har valt 11 måneders- tilbod i juni, august, haustferien og vinterferien. Ferie SFO er på Vikemarka skule.

SFO plass
Elevane har SFO plass til dei går ut 4.klasse, eller fram til skriftleg oppseiing frå føresette. Merk at oppseiingstida er to (2) månadar. Oppseiing eller endring av plass må skje før den første i kvar månad i foreldreportalen i Vigilo, Ørsta kommune.     

Morgen
SFO opnar kl.07.30. Vi serverer frukost for dei som ynskjer det frå ca 08:00-8:30. På morgonen kan borna spele spel, teikne, bygge lego eller andre rolege aktivitetar.
Kl.08:45 går borna ut og er ute til det ringer inn 08:55.

Føresette må melde frå om følgjande:
Om bornet ikkje skal på SFO, om andre skal hente, om barnet skal bli med nokon heim og andre viktige beskjedar. Det er viktig at barn og føresette gir tydelig beskjed når dei går frå SFO på ettermiddagen.

Ettermiddag
SFO deler lokale med skulen, og er møblert med tanke på dette. På SFO skal det vere rom for leik, fysisk aktivitet, ro og kvile. SFO har også tilgang til gymsalen, sløydrom og grupperom etter at skulen er stengd.  

Vi har ein fast vekeplan for SFO med rom for endringar. Borna skal ha medverknad på innhald og aktivitet, og skal få kome med ynskje. Vi er ute nesten kvar dag, og har fokus på fysisk aktivitet og leik.

Personalet
SFO-koordinator: Sølvi V. Hustadnes
Miljørettleiar: Gudrunn Olivia Endal
Assistent: Øyvind Taklo

Adresse: Skuleplassen 7 A, 6165 Sæbø  
SFO-telefon: 47706859  

Bruk kommunikasjonsverktøyet/appen Vigilo.