Valfag

Valfag

Ørsta ungdomsskule

Her har vi laga ei oversikt over det samla valfagstilbodet ved Ørsta ungdomsskule. Med å blad deg gjennom vil du kunne finne info om kompetansemål, vurdering og innhald i dei ulike valfaga. 

Vi håpar denne oversikta er til hjelp for deg som skal velje valfag, samtidig som det kan vere av interesse for andre å sjå litt av skuleinnhaldet vårt. Valfaga vil ha eit omfang på 2 t/v.

Slik søker du

Du vel valfag kvart år, i Vigilo. Er det for mange elevar på eit valfag, blir det loddtrekning om plassane. 

Om det er for få elevar som vel eit fag, blir det ikkje sett i gong. Då får du 2. , 3. eller 4. ønsket ditt, osv.

  • Føresette vil få opp nyheitssaka "Valfag-ønske (skuleår)" i Vigilo.
  • Saman må de velje 5 fag i prioritert rekkefølgje og sende inn.

Frist: 30. mai (9. mai for 9. og 10. trinn)

Faga du kan velje mellom

Friluftsliv
Fysisk aktivitet og helse: Frisk og rask
Design og redesign
Innsats for andre (IFA)
Praktisk handverksfag
Produksjon for scene
Programmering
Trafikk
Medier og kommunikasjon