Grunna flyttinga vår kan de som treng bokpåfyll ordne dette hjå biblioteket i Volda.

Kontakt dei på telefon: 7005 8850 eller e-post: biblioteket@volda.kommune.no
(
Les meir her…)

Forfattarmøte med Margareth Olin

Forfattarmøte med Margareth Olin

Aasentunet, måndag 2. november, klokka 19-20

Stad: Aasentunet

Gratis inngang

I sin nye roman «Utan språk for kjærleik» inviterer Margreth Olin lesaren inn i ei gripande forteljing om kjærleik, sorg og nye sjansar. Etter fem år i djup sorg møter hovudpersonen igjen barndomsvenen som alltid har hatt ein særskild plass i livet hennar. Kan ho våge å sleppe nokon inn att?

Med humor, nærleik og stor menneskekunnskap skriv Olin om kjensler mange kjenner seg att i, men få set ord på.

Aasentunet bidreg som arena medan biblioteket er plassert i Ørstahallen.

Alle bibliotekarrangement har gratis inngang.

Arrangementet er ein del av programmet til Litteraturhus i Møre og Romsdal, som er Ørsta folkebibliotek sin faste samarbeidspartnar og tilbyr forfattarmøte av høg kvalitet.