Informasjon og reglar

Informasjon og reglar

 

Lånekort

Lånekort får du på biblioteket. Alle som er busett i Noreg har rett til å få lånekort, og kortet er gratis for nye lånarar.

Barn må ha begynt på skulen for å få eige kort, og alle under 16 år må ha med underskrift frå en av sine føresette.

  • Ta alltid med lånekortet når du kjem for å låne
  • Lånekortet er personleg og må ikkje lånast bort til andre
  • Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som lånast på kortet. Føresette er ansvarlege for det barn låner
  • Vaksne bør ikkje låne til seg sjølv på lånekortet til ungane sine
  • Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglane
  • Føresette har ansvar for å rettleie barna slik at dei lærer å overhalde lånefristane og behandle biblioteket sitt materiale fint.

 

Nasjonalt lånekort

kan brukast i alle bibliotek i Noreg. Dersom du allereie har dette lånekortet (frå eit anna bibliotek) og ønskjer å bruke det her hos oss, må du vise kortet og legitimasjon i skranken.

Mista/tapt kort

Det er gratis å få lånekort første gang, men dersom du mister kortet må du betale eit lite gebyr (10 kr.) for å få nytt kort. Gi beskjed til biblioteket om du har mista kortet eller det har blitt stole. Biblioteket vil sperre det for å unngå misbruk inntil du får ordna med nytt kort.

Utlånsreglar
  • Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne

  • Meld frå om flytting eller tap av lånekort


Lånetid

  • med unntak av siste nummeret av eit tidsskriftfor bøker, film, tidsskrift, lydbøker og språkkurs: 4 veker

Lån kan fornyast om ingen andre står på venteliste.


Bøker som biblioteket ikkje har

Bøker som er lånt ut kan reserverast. Bøker som vi ikkje har kan lånast inn frå andre bibliotek. Berre spør!

Biblioteket hjelper til med å finne informasjon i oppslagsbøker, søkje i databasar og søkje i anna informasjonsmateriell. Er det noko du lurer på, så er det berre å ta kontakt med dei tilsette på biblioteket.


Lånaren pliktar

Å ta vare på lånt materiell, å melde frå om feil og sikre sirkulasjon ved å levere tilbake innan lånefristen.

 

Erstatning av tapt/skada materiell

Det er gratis å låne, men det kostar å skade det ein har lånt eller ikkje leverer tilbake.
Etter tredje purrebrev får du krav om erstatning for det du ikkje har levert tilbake.

 

Erstatningskrav

Praktbok/ny bok: fullpris/listepris
Fagbok/roman/lydbok for vaksne: 350 kr.
Fagbok for born: 200 kr.
Barnebok/lydbok for born: 200 kr.
Ungdomsbok/lydbok for ungdom: 250 kr.
Blu-ray/DVD/CD: 150 kr.

Utskrift, kopi og scanning

Biblioteket har kopimaskin for utskrift, kopiering eller skanning av A4/A3.

Prisliste utskrift/kopiering/skanning:
A4 kr. 2,-
A4, dobbeltsidig kr. 4,-
A3 kr. 2,-
A3, dobbeltsidig kr. 4,-
Attestering (rett kopi), TILLEGG kr. 2,-

Betaling med Vipps eller i kontantar.

Låne e-bøker

Det er enkelt å kome i gang. Appen BookBites lastar du ned frå Google Play eller App Store. Om du ikkje har lånekort kan du få det på ditt lokale bibliotek.

Du kan låne inntil tre e-bøker og to e-lydbøker samtidig, og lånetida på desse er fire veker. Om du treng lenger lånetid kan du fornye lånet fleire gongar så lenge boka ikkje har venteliste.

Og gledeleg for mange: med e-boklån slepp du purring frå biblioteket – bøkene vert automatisk levert inn igjen etter at lånetida har gått ut.

Fjernlån

Finn du ikkje det du vil låne i vår katalog kan bøkene fjernlånast.

Dette inneber at vi låner inn frå andre bibliotek det du er på jakt etter. Kom innom biblioteket, ta kontakt pr. telefon eller e-post for å bestille.

Vil du søke opp og bestille sjølv, gjer du dette i Biblioteksøk.

Logg inn ved å bruke Nasjonalt lånekort (lånekortnummer + pinkode).

Då bøkene har kome fram til biblioteket her i Ørsta, sender vi deg ei hentemelding på sms.

Bibliotek-transporten

Kvar tysdag og torsdag kjem det ein bil til biblioteket med ei kasse full av bøker. Pr. 1. juli 2021 er dette NBT (Norsk bibliotektransport AS). Bilen kjem med bøker til deg.

Er det ei bok vi manglar eller som er utlånt, som du gjerne skulle ha lest? Då bestiller vi inn denne til deg. Det går for det same om det er frå eit av dei andre biblioteka i fylket eller ein annan stad i landet. Vi fiksar det for deg.

Innlevering utanom opningstid

Vil du levere bøker utanom opningstid, finn du bokkasse for innlevering rett ved inngangen. Her kan du levere inn bøkene når som helst, døgnet rundt.

 

Univers av kunnskap

Ja, biblioteket er ei heil verd, ei verd av draum og fakta. Du kan faktisk finne eit heilt univers av kunnskap på biblioteket. Og du finn alle forteljingane, sanne og oppdikta, dei gamle og dei nye, dei som gir tankane noko å tygge på og venger til draumane.

Biblioteket er meir enn bøker, meir enn utlån og innlevering. Men det også - sjølvsagt finn du bøker, lydbøker, filmar, musikk cd-ar, språkkurs og dataspel som du kan låne med deg heim. Heilt gratis.

Biblioteket er også ein stad å være, for å sitje og lese, eller berre sjå ut i lufta, og her treff du andre som likar å vere på biblioteket. Biblioteket er sjølvsagt også staden for å gjere lekser og studere, kanskje til ein mastergrad, eller kanskje studerer du slekta di, eller skal du skrive ein artikkel til lokalavisa og veit ikkje heilt kvar du skal starte?

På biblioteket er det bibliotekarar, dei hjelper deg med å finne rett bok. Eller film, eller ein høveleg song eller eit dikt, til dømes til mor sin 70-årsdag - her på biblioteket hjelper vi deg med å finne orda som kan varme eit morshjarte. I vårt bibliotek finn du meir enn 40 000 bøker og filmar, det kan vere lurt å spørje om hjelp. Kanskje treng du å bestille noko frå eit av alle dei andre biblioteka i Noreg? Vi som jobbar her fiksar dette for deg.

Biblioteket er ditt. Bruk det!