Grunna flyttinga vår kan de som treng bokpåfyll ordne dette hjå biblioteket i Volda.

Kontakt dei på telefon: 7005 8850 eller e-post: biblioteket@volda.kommune.no
(
Les meir her…)

Vi flyttar til Ørstahallen

Vi flyttar til Ørstahallen

I perioden biblioteket held stengt oppmodar vi innbyggjarane våre til å nytte seg av dei andre biblioteka i regionen, som til dømes Volda folkebibliotek.

Merk deg dette:

*All henting frå biblioteket må skje før biblioteket stengjer, altså seinast 5. september. Sjekk e-posten din dersom du ventar på, eller har fått, melding om at noko er klart til henting.

*Langtidslån på biblioteket sine eigne bøker: Du kan låne bøker frå samlinga i Ørsta som vanleg fram til 5. september. Desse får automatisk langtidslån, slik at du kan ta godt vare på dei til vi opnar att. Det blir ikkje sendt ut purringar på dei bøkene i stengeperioden.

*Fjernlånte bøker: Fjernlånte bøker får ikkje utvida lånetid eller langtidslån, og må leverast innan fristen som eigarbiblioteket har sett. Det blir sendt ut purringar på fjernlånte bøker.

*Innlevering: Det vil framleis vere mogleg å levere inn bøker sjølv om biblioteket er stengt. Innleveringskassa blir ikkje flytta frå den faste plassen sin før resten av biblioteket er flytta over til Ørstahallen.