Ny i NoregBiblioteket har fleire nyttige tilbod for innvandrarar og framandspråklege. Det er gratis å bruke biblioteket i Noreg. Her kan du få lånekort og låne bøker, filmar, språkkurs, musikk på cd og dataspel. Sjå meir informasjon under: Bøker på ditt eget språk Ørsta folkebibliotek har bøker på fleire språk enn berre norsk. Vi har flest bøker på engelsk. Vi kan òg bestille bøker frå andre norske bibliotek. Det flerspråklige bibliotek har størst tilbod, og vanlegvis bestiller vi bøker frå dei. Be om hjelp dersom du vil ha meir informasjon eller ønskjer å bestille bøker. Språkkurs og lærebøker i norsk Biblioteket har språkkurs for deg som vil lære norsk. Du kan også få tilgang til norskkurset Min vei. Lettleste bøker på norsk Biblioteket har ei eiga hylle med lettleste bøker for vaksne. Desse bøkene passar godt for dei som held på å lære seg norsk. Bøkene har eit enkelt språk, utan for mange vanskelege ord, og med korte setningar og avsnitt. Lese aviser og tidsskrifter Biblioteket abonnerer på fleire aviser. Det er nyttig å lese norske aviser for å bli betre kjent med lokalsamfunnet. Klar tale er ei lettlest norsk avis som du kan lese på internett. Biblioteket har òg blad/magasin om ulike tema som du kan låne. Møte andre menneskeBiblioteket er ein hyggeleg stad å vere! Det er gratis å kome på biblioteket, du kan setje deg ned og lese eller kanskje treffe andre som du kan prate med. Datamaskin/internett Biblioteket har åtte datamaskiner som du kan låne gratis. Du kan også ta utskrifter. Biblioteket har gratis trådlaust nettverk dersom du har med eigen datamaskin eller nettbrett (iPad eller liknande). Tilbod til born og ungdom I biblioteket si borneavdeling finn du mange slags bøker for born og unge frå 0-14 år, biletbøker, eventyrbøker, forteljingar og faktabøker. Vi har mange lydbøker (bøker lese inn på cd som du kan høyre på). Mange likar å bruke lydbok og bok samstundes for å trene på norsk. Vi har òg dvd-filmar/blu-ray, musikk på cd og dataspel for born. Biblioteket har også ei eiga ungdomsavdeling med bøker og lydbøker som passar for ungdom frå 13 år og oppover. Publisert 13.01.2023 15:24 Sist endra 13.01.2023 15:24