Ny teneste på biblioteket: FLIPP.no

Ny teneste på biblioteket: FLIPP.no

Bildet viser eit utvalg av bokomslag på eit nettbrett og ein mobiltelefon. Med tekst på bilde: 90 magasiner, sudoku og puslespill - gratis for deg via biblioteket med Flipp! - Klikk for stort bilete Egmont

No gir vi deg digital tilgang til over nitti vekeblad og tidsskrift  :-)

Gjennom eit nasjonalt biblioteksamarbeid kan vi no tilby gratis tilgang til Flipp.no

Flipp er ein app der du kan lese meir enn nitti blad og magasin frå Noreg, Danmark og Sverige. Til dømes vil du finne Hageliv, Bonytt, Donald Duck, Det Nye, Kamille, Her og Nå, Hjemmet, Familien og mange, mange fleire.

Du lastar ned appen eller går inn på blader.flipp.no i nettlesaren din.
Ved pålogging første gong må ein vere kopla til det trådlause nettet her på biblioteket.

(Biblioteket kjem med fleire tenester i løpet av våren, så her er det berre å følgje med :-)