Sommarlesavslutning med Maria Parr og Åshild IrgensØrsta folkebibliotek inviterer alle barn som har delteke i Sommarles til ei kjekk avslutning på lesekampanjen.Vi får besøk av sjølvaste Maria Parr, den ferske vinnaren av Amalie Skram-prisen! Ho kjem ikkje åleine, men har med seg illustratøren til bøkene sine, Åshild Irgens. Dette er vi veldig glade for! Det blir både høgtlesing og teikning, utdeling av premiar og diploma, og kanskje òg noko godt og søtt å bite i 😉Påmelding via epost: biblioteket@orsta.kommune.no eller på Messenger.Obs! Merk både namn og alder!PÅMELDINGSFRIST: tysdag 1. september kl. 12:00