Plansystem

Plansystem

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet og definerer dei overordna måla for utviklinga. Dette vert lagt som føringar i alle andre planar, og det vert meir detaljert i kommunedelplanar.

Ørsta kommunestyre vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel i 2012 og kommuneplanen sin arealdel i 1991. Dette er dei overordna styringsinstrumenta til kommunen.

Vidare har kommunen sektor- og verksemdplanar som konkretiserer mål og tiltak innanfor eit fagområde eller tema. Kommunen pliktar også å ha ei heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse og ein beredskapsplan.

Budsjett og investeringsplan skal bidra til at ressursane vert nytta på best mogleg måte, og at tenestetilbodet vert tilpassa utviklinga i behovet til innbyggarane og inntektsrammene. Prioriteringar i budsjettet er forankra i den langsiktige investeringsplanen.

Figuren under viser kva planar som inngår i det kommunale plan- og styringssystemet, og korleis koplinga mellom dei ulike planane er.

Planstrategien legg grunnlaget for betre ressursutnytting og betre oversyn over styringssystemet. Oppdaterte analyser om samfunn og utviklingstrekk vert lagt til grunn for planprioriteringa. Hovudtrendane i utviklingstrekka er oppsummert i kapittel 4 og lenker til dei ulike underdokumenta i kunnskapsgrunnlaget er vedlagt planstrategien.

Tabellen viser eit flytskjema over plansystemet. - Klikk for stort bileteKommunal planstrategi i det kommunale plansystemet. Miljøverndepartementet