Formål

Formål

Formål med kommunal planstrategi

Planstrategien er ikkje ein eigen plan, men har som formål å klargjære kva planbehov kommunen har i valperioda. I følge Plan- og bygningslova § 10 – 1 skal det utarbeidast og vedtakast ny kommunal planstrategi innan eit år etter nytt kommunestyre er konstituert.

Planstrategien skal drøfte kommunen sine strategiske val knytta til samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, og sektorane si verksemd. Etter Folkehelselova sin § 6 skal kommunen sine lovpålagte oversiktsarbeid inngå, og folkehelseutfordringane drøftast i planstrategien. Arbeidet skal ta stilling til om det er behov for revisjon av gjeldande planar, om planar skal gå ut, og om det er behov for nye planar. Dette gjeld også behovet for revisjon av den overordna kommuneplanen, eller delar av den.

Planarbeidet i kommunen skal samstundes ikkje vere meir omfattande enn naudsynt, og planstrategien skal bidra til at det gjærast gode vurderingar av ressursbehov og -bruk. Etter Plan- og bygningslova kan kommunen slå saman arbeidet med planstrategi og oppstart av planarbeidet med kommuneplanen. Dei strategiske drøftingane som gjerast i arbeidet med planstrategi og kommuneplanen skal ruste kommunen til å ivareta sine oppgåver og ulike roller på best mogleg vis. Kommunen skal gjennom arbeidet samarbeide med nabokommuner, innhente synspunkt frå regionale og statlige mynde, og ha medverknad i eiga kommune.

Ørsta kommune vil skape livskvalitet for innbyggjarane og bidra til eit berekraftig miljø og samfunn. Tydelege fokehelsestrategiar skal hjelpe oss å planlegge for framtida for alle.

Vi skal skape gode vilkår og rammer for næringslivet. Vi skal planlegge for og finne gode løysingar for variasjonar og endringar innan demografi og levekår. Det vil vidare møte oss utfordringar knytt til klima og miljø i framtida.

Vi skal gjennom god planlegging sko oss for utfordringane som kjem og bruke moglegheitene dette gir.

 

Planlegging for det venta - og det uventa...

Midt i arbeidet med kommunal planstrategi opplever verda ei stor krise med Koronapandemien. Samfunnet har endra seg fort, og måtte omstille. Nasjonale føringar har lagt grunnlaget for at kommunene og innbyggarane må møte ein ny situasjon med uforutsigbare og inngripande leveendringar. Tiltak og verkemiddel som ingen av oss har opplevd i etterkrigstida.

Ørsta kommune har stått støtt i krisa, delvis uførebudd, og utøvd kriseleiing på ein forbilledleg måte. Saman med innbyggarane og næringsliv har kommunen bidrege til at viruset foreløpig ikkje har fått fotfeste i vår region.

Omstilling og endring går an å planlegge, Verdsomspennande og nasjonale kriser, som er uforutsigbare kjem overraskande. Då er det viktig at beredskapsplanane er til stade og kan hjelpe ein gjennom situasjonen.

Kommunen må derfor i framtida planlegge for uforutsigbarheit og store endringar. Systematisk planlegging med fokus på berekraft samstundes som strategiske val og føringar legg til rette for fleksibilitet vil gjere at Ørsta kommune også i framtida vil vere godt rusta i møte nye kriser og uforutsette utfordringar.

I planoversikta for planane i Ørsta kommune vert dei knytt opp mot dimensjonane i FN sine berekraftsmål, noko som vil synleggjere samanhengane mellom innsatsen vi legg ned på kommunenivået opp mot dei større måla i berekraftsperspektivet.

Bildet viser FNs Berekraftstmål: 1-17 - Klikk for stort bilete