Merk deg dette:
*Langtidslån på biblioteket sine eigne bøker: bøker du har lånt frå samlinga vår har automatisk langtidslån ut året, slik at du kan ta godt vare på dei til vi opnar att. Det blir ikkje sendt ut purringar på dei bøkene i stengeperioden.
*Fjernlånte bøker: Fjernlånte bøker får ikkje utvida lånetid eller langtidslån, og må leverast innan fristen som eigarbiblioteket har sett. Det blir sendt ut purringar på fjernlånte bøker.
*Innlevering: Det vil framleis vere mogleg å levere inn bøker sjølv om biblioteket er stengt. Innleveringskassa blir ikkje flytta frå den faste plassen sin før resten av biblioteket er flytta over til Ørstahallen.