VIKTIG MELDING!

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

Sommarlesavslutning med Maria Parr og Åshild Irgens

Sommarlesavslutning med Maria Parr og Åshild Irgens

Påmeldingsfrist: tysdag 1. september klokka 12:00

Ørsta folkebibliotek inviterer alle barn som har delteke i Sommarles til ei kjekk avslutning på lesekampanjen.
Vi får besøk av sjølvaste Maria Parr, den ferske vinnaren av Amalie Skram-prisen! Ho kjem ikkje åleine, men har med seg illustratøren til bøkene sine, Åshild Irgens. Dette er vi veldig glade for! Det blir både høgtlesing og teikning, utdeling av premiar og diploma, og kanskje òg noko godt og søtt å bite i   😉

Påmelding via epost: biblioteket@orsta.kommune.no eller på Messenger.
Obs! Merk både namn og alder!
PÅMELDINGSFRIST: tysdag 1. september kl. 12:00