Viktig melding!: måndag 24. august må vi stenge fjernlånet

Grunna flyttinga til mellombelse lokale må vi stenge fjernlånet vårt fram til vi har kome på plass i Ørstahallen.
Men i denne perioden kan dei som vil bestille bøker til henting på biblioteket i Volda. Ta då kontakt med dei for å ordne dette. Telefon: 7005 8850 og e-post:
biblioteket@volda.kommune.no

(Les meir her…)

Snart flyttar biblioteket !!

Snart flyttar biblioteket !!

I perioden vi held stengt, oppmodar vi innbyggjarane til å nytte seg av andre bibliotek i nærleiken, som til dømes Volda folkebibliotek.

Merk deg dette:

*All henting frå biblioteket må skje før biblioteket stengjer, altså seinast 5. september. Sjekk e-posten din dersom du ventar på, eller har fått, melding om at noko er klart til henting.

*Langtidslån på biblioteket sine eigne bøker: Du kan låne bøker frå samlinga i Ørsta som vanleg fram til 5. september. Desse får automatisk langtidslån, slik at du kan ta godt vare på dei til vi opnar att. Det blir ikkje sendt ut purringar på dei bøkene i stengeperioden.

*Fjernlånte bøker: Fjernlånte bøker får ikkje utvida lånetid eller langtidslån, og må leverast innan fristen som eigarbiblioteket har sett. Det blir sendt ut purringar på fjernlånte bøker.

*Innlevering: Det vil framleis vere mogleg å levere inn bøker sjølv om biblioteket er stengt. Innleveringskassa blir ikkje flytta frå den faste plassen sin før resten av biblioteket er flytta over til Ørstahallen.