Viktig melding til alle våre lånarar som har aktiv lånehistorikk:

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Ørsta ligg lagra i ei liste, frå og med den dagen du aktiverte denne funksjonen. Dessverre så vil det ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå vårt noverande system og over til det nye Cicerosystemet. Kom difor innom oss før september dersom det er ynskjeleg med ei utskrift av boklista di.

Nytt biblioteksystem etter sommaren

Nytt biblioteksystem etter sommaren

Ørsta folkebibliotek skal over på nytt biblioteksystem etter sommaren. Klikk her for å lese meir om korleis dette vil påverke deg som lånar … …

Biblioteket i Ørsta skal saman med Volda og fleire andre bibliotek i fylket over på nytt biblioteksystem seinare i år.  Vårt nye system heiter Cicero og er allereie i bruk hjå fleire folke- og skulebibliotek rundt om i landet. 

I løpet av september skal altså Ørsta folkebibliotek flyttast over på Cicerosystemet, og i forkant av dette må vi førebu samlinga vår. Difor kjem vi til å halde fram med noko redusert opningstid også etter skulestart slik at vi har tid til å løyse alt som er av tekniske utfordringar. 

Når så samlinga vår skal overførast frå det gamle til det nye systemet må vi halde stengt ein del dagar. Vi veit enda ikkje kor mange dagar dette vil bli, men meir informasjon kjem straks vi er i gang med sjølve implementeringsfasen. Dette skjer i tidsromet 25. august til 17. september og truleg må vi halde stengt heile veke 38 (måndag 15.-fredag 19. september). Med ein gong alt fungerer slik som det skal opnar vi opp igjen. 

Det vil også bli stengt for fjernlånsbestillingar i forkant av overgangen, dette for å minimere talet på innlånte bøker då databasen blir flytta. Meir informasjon vil kome så snart vi har alle datoar klare.

Og då vi til slutt er over på Cicero vil du som lånar framleis ha same tilbodet som før, med tilgang til alle dei digitale tenestene som du også har i dag.